Lovar, reglar og statutter for Trivselserien i Bowling

Formål:
Å skape ein arena for bedriftene i Ørsta/Volda regionen, der det sosiale aspektet kjem i høgsetet. Vi håpar på ”nerve” og spenning i kvar ein kamp, noko som vil vere med på å gjere ”Trivselserien” til noko kjekt og spennande å vere ein del av.

1. Eit ynskje frå Ørsta Bowling er at bedriftene stiller i "klubbdrakt".

2. Ein deltakar kan kun delta på eitt lag.

3. Det må vere minimum 3 personar på laget. For kvar kamp er det maksimum 9 personar som kan delta.

4. Lag som skal spele kamp, må vere registrert i hallen seinast 5 minutt før kampstart. Ein kamp kan  utsetjast i maksimum 10 minutt etter avtale med motstandar-laget.

5. Det er ikkje lov å bytte bowling-deltakar undervegs i ein pågåande serie. Kun etter endt serie.

6. Dersom eit lag manglar ein deltakar, kan ikkje dei to andre kaste for den som manglar. Det betyr at laget gjennomfører kampen, men mistar scoren for den manglande deltakaren.

7. Dersom deltakar nummer tre kjem til andre eller tredje serien, kan han/ho steppe inn ved oppstart av ny serie.

8. Det vil vere muleg med oppvarmingskast i 5 minutt før kvar kamp.

9. Ved utsetjing av kamp grunna overtid på arbeidsplassen e.l., må ØB ha beskjed om dette seinast kl. 13.00 same dag. Dersom beskjed ikkje er gitt, kan motstandar-laget kreve sigeren.

10. Poenggiving: Det vert gitt 1 poeng til vinnaren av kvar serie – maksimum 4 poeng per kamp.

11. Handicap: Alle som deltek i Trivselserien skal føre opp sin score.
Døme
: Pål: 1. serie: 131, 2. serie: 147, 3. serie: 154.
Det tilsvarar eit gj.snitt for 3 seriar på 144.
Utrekninga tek vi oss av. 

Mvh
Ørsta Bowling AS

HANDICAP – SYSTEM
Alle som deltar i Trivselserien skal føre opp sin score på kvar enkelt serie dei spelar på kampskjemaet.

Dette gjer at vi på vår heimside www.orstabowling.no vil kunne oppdatere gj.snittet på kvar enkelt spelar gjennom heile trivselserien.
Meir informasjon kjem etterkvart. Alle som ønsker å motta oppdaterte tabeller, resultatlister, oversikt over handicap og anna innformasjon – skriv ned e-postadressa di på kampskjemaet.


Meny

Firmainformasjon

Ørsta Bowling AS
Holmegata, 6150 Ørsta
Tlf. 700 41 210
Fax. 700 41 211
E-post: Ørsta Bowling AS