Pensjonistbowling!
Kvar tysdag og torsdag er det pensjonistbowling!
Mellom 20 og 25 pensjonistar samlast kvar tirsdag (kl. 10.00-12.00) og
torsdag (kl.12.00-14.00) i Ørsta Bowling sine lokaler for sosial
aktivitet. "Børsing" og det sosiale aspektet er sjølvsagt viktig, men
dei fleste kjenner at konkurranseånda kjem "krypande" ut i
fingerspissane etterkvart som spelet går sin gang.
Det er god plass til fleire seier gjengen som møter kvar tysdag og
torsdag. Desverre er det mange som ikkje tør ta det første steget med å
prøve bowling, gjerne fordi ein trur at alle andre er så flinke. Fakta
er at "alle" er omtrent like gode og dårlige sjølvom ein er nybegynnar
eller ikkje. Gjengen garantera at dei som ikkje bowlar går glipp av
mykje morosamt.
Pensjonistgjengen ynskjer alle velkomne.
Takkar og bukkar!
Ørsta Bowling takkar og bukkar for den hjelpa som Walter Muren gjer for oss når det gjelder dei utallige
timane han sit foran dataskjermen og plottar inn vekas resultater i Trivselserien.
Det er Walter sjølv som har utvikla eit Excel program som Ørsta Bowling bruker og som gjer at alle som er med i
Trivselserien mottek oppdaterte resultat og tabell kvar fredag morgon. Ørsta Bowling skal gjennomføre ca 1840 kampar
i Trivselserien i år, så det er ikkje få tal som Walter skal plotte inn.
Pensjonistane "in action":
