Velkomen til Ørsta Bowling
Sidan opninga i november -02, har Ørsta bowling utvikla seg til å verte ein populær samlingsstad for både unge og eldre.
Vi fokuserer mykje på omgrep som kundefokus, total oppleving og god
service. Vi set kunden i fokus og gjer alt for at kundar i alle aldrar
har det bra.
Vårt motto er kort og godt at kunden skal kome først! Ørsta Bowling har
difor som mål at kundane skal vere så nøgde som mulig, og at dei skal
ha lyst til å kome tilbake til hallen. Så langt ser vi ut til å ha
lykkast. Sidan opninga har fleire tusen frå heile Sunnmøre tatt turen
innom hallen vår.
Mosjon og idrett er ein viktig faktor for å fremje fysisk, psykisk og
sosial helse. Bowling er ein idrett som til fulle dekkjer dette
behovet, sidan det er ein idrett som vert utøvd av alle menneske,
uavhengig av alder og fysisk form.
